Quantcast
Channel: Seriebloggen.no » Raptus
Viewing all articles
Browse latest Browse all 7

Raptus 2013, dag 3 – og oppsummering av helga

$
0
0

Sundag er som vanleg siste dag på Raptus. Det er òg tradisjonelt ein dag det skjer usedvanleg lite på festivalen, men noko var det jo.

Heilt til slutt i innlegget kjem eg òg til å forsøke å oppsummere litt av det eg tenkjer om festivalen totalt sett.

Fire gjestar til prisen av ein

Eg gjekk glipp av gårsdagens «Kvinnestemmer om serier», og bestemte meg difor for at det var noko eg måtte prioritere i dag – og det er eg svært glad for at eg gjorde. Ikkje berre fordi det var ein interessant diskusjon som faktisk handla om det som er denne festivalens tema, men eg likte òg heile konseptet med at eg i løpet av ein programpost fekk høyra på fire ulike serieskaparar og gjera meg opp ei slags meining om dei. Dei fire kvinnene var forresten Emily Carroll, Isabel Greenberg, Ingebjørg Jensen og Gail Simone.

Om ein skulle ha gjort noko annleis og eg føler for å småpirke, ser eg for meg at denne diskusjonen ville ha gjort seg fantastisk heilt i starten av festivalen, når vi akkurat hadde kome og alle desse menneska var folk vi visste relativt lite om (her innrømmer eg at eg ikkje eigentleg har lest programmet så nøye – eg burde skamme meg). Då hadde det til dømes vore mogleg for folk som kom til festivalen for å oppleve Gail Simone kunnet få med seg tre andre kvinner i same panel, og tenkja «Jøss, Isabel Greenberg jobbar med indiecomics, det er jo litt kult, kanskje eg burde gå på programposten hennes».

Men eg legg ikkje skjul på at det er pirk. Eg synest at denne paneldiskusjonen var heilt fantastisk, og hadde eg kunnet endre kva eg gjorde på laurdagen hadde eg definitivt ønskja å ha med meg den programposten òg.

Nærum på nye eventyr

Eg kan kort nemne at eg vurderte å gå på programposten til Paul Gravett og Mike Collins om britiske teikneseriar, men eg turde ikkje. Eg hadde nemlig veldig lyst til å kome meg på programposten til Knut Nærum, og eg var livredd for å oppleve det same som i går – at alle saman etter programposten skulle bli sendt ned i første etasje og at eg derfrå ikkje fekk lov til å kome opp igjen.

Når det gjeld sjølve programposten til Knut Nærum, var Nærum i toppform og det var ein svært underhaldande programpost som eg på ingen måte angrar på at eg gjekk på, men eg synest at Raptus burde ha gjort ein langt betre jobb med å opplyse i programmet om at dette var ein programpost som hadde absolutt ingenting med teikneseriar å gjera.

Knut Nærum og fire andre kjem ut med Jo Nesbø-parodiboka Busemannen i løpet av oktober, og ettersom eg merkeleg nok ikkje hadde fått med meg dette enno var det ei stor glede å høyra Nærum både snakke om boka, lese høgt frå boka, og fortelja korleis Madonnagåten blei til. God underhaldning, og boka skal definitivt lesast, men eg skal innrømme at eg blei litt skuffa då Nærum innleia med å opplyse om at dei av oss som hadde lest Raptus-programmet sannsynlegvis hadde blitt lurt, fordi programposten hadde ingenting med teikneseriar å gjera. Heldigvis ikkje skuffa nok til å reise meg og gå.

Den tøffaste superhelten heiter Gail Simone

Eg skal ærleg innrømme det: Gail Simone er ein serieskapar eg har nedprioritert på denne festivalen fordi eg ikkje har forstått kor svært det eigentleg var at ho var her. Eg har lest «superheltar» og difor vald å prioritere dei smalare serieskaparane med bitte små salar dei ikkje klarte å fylle (og forfattarworkshopen, som eg absolutt burde ha vore på, tipper eg at har vore fullbooka sidan 2008). Men etter å ha lest ein del tweets av og om Gail Simone før dag tre, og dessutan fått med meg dagens «Kvinnestemmer om serier», der Simone var i panelet, skjønte eg at eg berre var pukka nøydt til å ha med meg ein av programpostane hennes ettersom eg framleis hadde sjansen. Så då Knut Nærum var ferdig med å snakke, dukka eg bak ein stol for å unngå å bli kasta ut, og sette meg til rette for å få med meg «Kvinnehelter».

Tittelen speler kanskje på Wonder Woman, Batgirl, Red Sonja, Birds of Prey og dei andre figurane Gail Simone har jobba med, men den største helten er utan tvil Simone sjølv. Eg har ingenting anna enn respekt for det ho har klart å gjera i DC, og eg rettar ein stor takk til Raptus for å ha invitert dette fantastiske mennesket til Noreg.

Kudos går òg til Simones ektefelle Scott (som eg ikkje aner om eg har stava rett, men kor mange måtar finst det eigentleg å stave «Scott» på?), som på tre minutts varsel steppa inn som intervjuar då den opphavlege intervjuaren måtte steppe ut på grunn av blindtarmbetennelse.

Kort oppsummert: Eg hadde aldri trudd at eg skulle oppleve ein programpost på ein norsk teikneseriefestival som kunne få meg til å tenkja «Hmm, eg må nesten sjå om eg får lest meg opp litt på Black Canary».

… og så var det to timer erotikk som eg bestemte meg for å droppe, og så var festivalen ferdig og alle gjekk på fest (bortsett frå dei av oss som ikkje var inviterte).

The last stand

Eg synest framleis at det er ei absurd kjensle å vera på Raptus utan å ha ein stand, så det må eg nok gjera noko med til neste år. Men eg snakka med fleire av dei som hadde hatt stands, og det verka som om det var eit godt år for dei. Bård «Dadaph Serraph» Lilleøien kunne fortelja at det var hans beste Raptus-sundag nokonsinne. Fekk òg med meg at det var stor ekstase på Überpress-standen då dei oppdaga at dei berre trengte eitt sal til for å ha solgt hundre album i helga (håper dei klarte det). No skal det sjølvsagt seiast at Überpress generelt er ein dritkul gjeng som får til det aller meste, men hundre album på ei helg står det likevel respekt av.

Sjølv om eg opplevde årets festival som eit bra år å ha stand på, merka eg som besøkande likevel at eg følte at det var ein del som mangla. Det var frykteleg få stands i år, fordi festivalen ikkje hadde plass til fleire og difor hadde stengt for påmelding relativt tidleg. Ein annan ting som skuffa meg, som ikkje var Raptus’ skuld, var at breidda i påmeldte stands kunne ha vore klart betre. Eg nemnte det sannsynlegvis i bloggen på fredag, men eg synest det er litt merkeleg når det største forlaget som har stand på Noregs eldste og etter heile Vestlandets meining beste teikneseriefestival er Überpress. Egmont hadde programpostar på laurdag, men ingen stand, og Schibsted, No Comprendo og Jippi såg eg ikkje i det heile tatt.

Men det er altså ikkje Raptus’ skuld. Eg synest at Raptus gjorde ein god jobb med stands i år, og eg synest som sagt at det var ein genistrek å streame alt som skjedde i auditoriet inn i standrommet. Eg skulle berre ønskje at det hadde vore litt fleire stands.

Bergen offentlege karneval

Eg hugsar at eg på eitt tidspunkt i løpet av helga spøkefullt sa at «Raptus er jo berre bruktbutikkar og cosplay. Dersom Seriebutikken i Sarpsborg eitt år hadde vald å arrangere eit karneval i februar, hadde det ikkje kome nokon på Raptus det året». Det er sjølvsagt ei overdriving, men eg synest at det byrjar å bli svært dominerande kor stor kvotient av menneska eg såg på festivalen som hadde kostymer. Det er sjølvsagt ikkje eit problem, og for Raptus er det sjølvsagt hyggeleg å ha så mange menneske på festivalen som mogleg, men eg sliter framleis med å sjå kva det eigentleg har på ein teikneseriefestival å gjera.

Då vi var ute og spiste etter at laurdagens Raptus var over, kom Bård Lilleøien med ein veldig god kommentar som eg berre måtte spørja han om eg kunne få gjengi i Seriebloggen, lettare parafrasert fordi eg har teflonhjerne:

«Korleis ville det ha vore dersom dei faktisk hadde premiert dei som kom i kostymer som hadde kostymer som hadde noko med teikneseriar å gjera? Så kunne ein hatt ein superhelt-klasse, ein fransk-belgisk klasse, ein klasse for norske seriar… Eller ‘Kle deg ut som ein Pondus-figur’ der hovudpremien er ei originalstripe eller å få møte Frode Øverli.»

Det er ei utfordring eg med glede vidareformidlar til Raptus-leiinga. Det er kanskje berre psykologisk, men eg trur at det er veldig mange av oss som kjem til Raptus for å møte andre teikneseriefans, og så kjem vi nesten ikkje fram i gangane (og andre kjem seg ikkje fram til standane våre) fordi dei er fulle av folk som ikkje berre har så forseggjorte kostymer at dei tar veldig mykje plass og difor er vanskelege å manøvrere seg rundt, men som òg verkar heilt uinteresserte i teikneseriar. For å kome med enno ei personleg anekdote: Sist eg var på Raptus med stand, i 2011, hadde eg kjøpt inn ei stor skål med smågodt som vi hadde ståande på standen for å lokke inn kundar. Seinare same dag skulle det vera eit svært cosplayarrangement i standrommet (eg er utruleg glad for at det iallfall ikkje blei gjenteke), og då var det heilt umogleg for nokon som helst både å kome fram til standen vår og å snakke med oss. Og cosplayarane forsynte seg svært grovt av godteriet. Fleire gonger prøvde eg å spørja dei om dei kunne vera interesserte i å kjøpe teikneseriar, og kvar gong var svaret det same: «Eg har ikkje pengar.»

Anten vi liker det eller ikkje, verkar det som om cosplay byrjar å bli ein av dei største og viktigaste delane av Raptus, og eg skjøner at det ikkje er noko Raptus akkurat drøymar om å slutte med. Så vurder dette kompromisset: Teikneseriecosplay, der ein belønnar å faktisk la seg inspirere av teikneseriefigurar når ein syr kostymet sitt (og aller helst på ein måte som gjer at ein ikkje berre får obskure mangafigurar). Om eg ser ein cosplayar spasere gjennom rommet, og denne forestillar noko eg faktisk har eit forhold til, er sjansen større for at oppfattar dette mennesket som ein likesinna teikneserieentusiast, sjølv om det er eit menneske som har vald å bruke pengane sine på å sy eit fantastisk kostyme i staden for å kjøpe teikneseriar på Raptus.

Eg innser som sagt at mykje av dette er psykologisk. Men psykologien er viktig. For å seie det sånn: På årets festival var det ei utruleg fantastisk kjensle å kaste blikket over ei gigantisk folkemengde av hundar og ulvar og animefigurar og nintendofigurar… og plutseleg få auge på ein Sprint.

Og så var det lokalet, då …

Eg skreiv mykje negativt om lokalene i går, og dei same gjeld i dag. Eg synest at Litteraturhuset i Bergen er alt for lite for å kunne fungere som lokale for Raptusfestivalen, og med mindre Raptus har som eit konkret mål å jobbe for å få enno dårlegare gjestar sånn at dei får langt færre besøkande, håper eg at dei er på plass i eit nytt lokale neste år.

Eg har høyrd mange seie at det nok er på grunn av lokalet at Raptus hadde moglegheit til å tilby gratis inngong i år, og det kan godt hende. Men igjen spør eg: Kven er målgruppa for Raptus? Er det tilfeldig forbipasserande bergensarar, eller ønskjer dei å trekke til seg teikneserieentusiastar frå heile Noreg? For dei av oss som bruker firesifra beløp på å kome oss til Raptus, spelar det svært lita rolle at festivalen er gratis så lenge konsekvensen av det er at vi ikkje får lov til å kome inn på grunn av brannforskriftene.

Og når lokala blir stengt av for alle nye besøkande kvar gong Arild Midthun har ein programpost, kva hadde skjedd om festivalen hadde hatt enno større gjestar, som Frode Øverli, Lise Myhre, eller gud forby, Don Rosa?

Oppsummering av helga

Dette har vore ein svært bra Raptusfestival med eit heilt fantastisk program. For meg som normalt har pleidd å sitja på stand heile helga, var det ei svært positiv overrasking når eg først fekk moglegheit til å gå på programpostane at så godt som alle programpostane eg var på var ubeskriveleg fantastiske. Dei fleste av programpostane var òg ting som eg som serieskapar fekk veldig mykje inspirasjon av: Jøss, dette creative commons-prosjektet eg prøve å få blitt ein del av! Wow, er det sånn ho jobbar, det må eg jo kunne la meg inspirere av. Hmm, stilig at kvinnelege figurar faktisk har blitt såpass mykje meir framtredande i DC, er det nok eg kan klare å snike inn i Disney-seriane mine på ein eller annan måte?

Den einaste negative kommentaren eg har til helga, er eigentleg at eg ikkje likte lokalene. Men eg er allereie heilt overtydd om at eg kjem til å kome på Raptus 2014 om det ikkje kjem noko gigantisk i vegen. Og byttar dei lokale, kjem eg til og med til å kome til Raptus 2014 med eit smil rundt munnen.

Så får berre tida vise om eg våger å cosplaye Arild Wærness i Øystein Rundes strek, då.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 7

Latest Images

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Trending Articles


Ang Nobela sa “From Darna to ZsaZsa Zaturnnah: Desire and Fantasy, Essays on...


Pokemon para colorear


Kung Fu Panda para colorear


Girasoles para colorear


Tiburon para colorear


Renos para colorear


Lagarto para colorear


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


RE: Mutton Pies (mely)


Gwapo Quotes : Babaero Quotes


Lola Bunny para colorear


Libros para colorear


Mandalas de flores para colorear


Dibujos para colorear de perros


Dromedario para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Love Quotes Tagalog


Tropa Quotes


Mga Tala sa “Unang Siglo ng Nobela sa Filipinas” (2009) ni Virgilio S. Almario



Latest Images

Pangarap Quotes

Pangarap Quotes

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC